Danenes attkome åt Uppsala

1. Kjeldor:

Voluspå, versi 8 til 16 lyder soleis på dansk tunge:

9. Tiwar alle / på Thulestolen gjekk

Dei høgheilage / heldo rådlag

kven skal drosen / av dvergar skapa

or Brime sitt blod / og hans blåe leggir.

10. Vart Modsogne skapt, / mætast var han

av dvergar alle, /men Durin dernest

dei manna-skipnur / mange gjorde

dvergan' or jordi, / som Durin det sagde.

11. Nye, Nide, / Nordre, Sudre,

Austre, Vestre, / Altjov, Dvalin

Nå og Nåin / Nipung, Dåin

Bivur, Bavur / Bombur, Nore,

Ån og Ånar, / Oin, Mjødvitne

12. Vegg og Gandalv, / Vindalv, Torin

Trå og Tråin, / Tekk, Lit og Vit,

Ny og Nyråd, no hev eg dvergar-

Regin og Rådsvinn- retteleg nemnt.

13. File, Kile, / Fundin, Nåle,

Hepte, Vile, / Hanar, Sviur,

Billing, Brune, / Bild og Bure

Frå, Hornbore, / Fræg og Lone,

Aurvang, Jare, / Eikinskjalde.

14. D'er tid til dvergar / i Dvalins fylgje

for manna-lyden / til Lovar å telja

frå Sals steinar / ut dei sette

millom Aurvangar og Joruvollar

15. Der var Draupne / og Dolgtrase

Hå, Haugspore / Levang, Gloin,

Dore, Ore, / Duv, Andvare

Skrive, Virve, / Skavid, Åe

16. Alv og Yngve / Eikinskjalde,

Fjalar og Froste, / Finn og Ginnar;

kjent skal vera / med folk er i verdi,

langfedrar alle / i Lovars ætti.

Her er då syttitre dvergar nemnde med namn eller nemne.

Voluspås Islandske/Gamalnorske teksti lyder soleis:

9. Þá gengu regin öll / á rökstóla,
ginnheilög goð, / ok um þat gættusk,
hver skyldi dverga / dróttir skepja
ór Brimis blóði / ok ór Bláins leggjum.

Den yngre Edda(Prosatekst):

Om Dverge-ætta: Dinest sette gudane seg opp i seta sine og vørdsla om rettsskipnaden sin. Då kom dei i hug korleis dvergane hadde livna i molda nede i jorda, liksom makkar i kjøt. Dvergane var tilkomne fyrst; dei hadde teki til å leva i kjøtet til Yme, og var makkar då. Men av maktord frå gudane fekk dei folkevit og menneskeskapnad; men dei bur i jord og berg. Modsogne var den gjevaste, dinest Durin. Så heiter det i Voluspå:

Tivar alle / på tingstolar gjekk

dei høgheilage / heldo rådlag:

kven skaren av dvergar / skapa skulle

or blodet åt Brime / og Blåins leggjer.

Manneskapnader / mange dei gjorde,

dvergar, or jordi / som Durin det sagde.

Og kvedet seier at dei heiter så:

Nye, Nide / Nordre, Søre

Austre, Vestre, / Altjov, Dvalin,

Nå og Nåin, / Niping, Dåin,

Bivur, Båvur, / Bombur, Nore,

Ori, Onar, / Oin, Mjødvitne,

Vigg og Gandalv, / Vindalv, Torin,

File, Kile / Fundin, Våle,

Tro, Troin, / Tekk, Lét og Vit,

Ny, Nyråd, / Rekk, Rådsvinn.

No skal eg nemne dei dvergane som bur i berg - dei eg nemnde, bur i jorda:

Draupne, Dolgtvare, / Hå, Hugstare,

Ledjolv, Gloin, / Dore, Ore,

Duv, Andvare, / Heftefile,

Hår, Sviar.

No skal eg nemne dei som kom frå Svarinshaug til Aurvangane på Joruvollane; Lovar er komen frå dei. Dei heiter så:

Skrive, Virve, / Skåfinn, Åe,

Alv, Yngve, / Eikinskjalde

Fal, Froste, / Finn, Ginnar.

Den yngre Eddas Islandske/gamalnorske teksti er soleis:

þar næst settust guðin upp í sæti sin, ok réttu dóma sina, ok mintust, hvaðan dvergar höfðu kviknat í molduni ok niðri í jörðunni, svá sem maðkar holdi. Dvergarnir höfðu skipazt fyrst, ok tekit kviknan í holdi Ýmis, ok váru Þá maðkar. Enn af atkvæði guðanna urðu Þeir vitandi mannvits, ok höfðu manns líki, enn búa Þó i jörðu ok í steinum. Moðsognir var dvergr, ok annarr Durinn; svá segir í Völuspá:

þá gengu regin öll / á rökstóla,

ginnheilug goð / ok of Þat gættust,

at skyldi dverga / drótt of skepja

or brimi blóðgu / ok or Bláins leggjum.

þar mannlíkun / mörg of gerðust,

dvergar i jördu / sem Durinn sagði.

Ok Þessi segir hon nöfn Þeirra dverganna:

Nýi, Niði, / Norðri, Suðri

Austri, Vestri, / AlÞjófr, Dvalinn

Nár, Náinn, / Nípingr, Dáinn,

Bifurr, Bafurr, / Bömbörr, Nori

Ori, Ónarr, / Óinn, Mjödvitnir,

Vigr og Gandálfr, / Vindálfr, Þróinn

Fili, Kili, / Fundinn, Vali,

Þrór, Þróinn, / Þekkr, Litr, Vitr,

Nýr, Nýráðr, / Rekkr, Ráðsviðr.

Enn Þessi eru ok dvergar ok búa i steinum, enn hinir fyrri i moldu:

Draupnir, DólgÞvari, / Hörr, Hugstari

Hleðjólfr, Glóinn, / Dori, Ori,

Dufr, Andvari, / Hepti, Fili,

Hárr, Siarr.

Enn Þessir komu frá Svarins haugi til Aurvanga á Jóruvöllu, ok er Þaðan kominn Lovarr. þessi eru nöfn Þeirra:

Skirfir, Virfir, / Skafiðr, Ái,

Álfr, Ingi, / Eikinskjaldi

Falr, Frosti, / Fiðr, Ginnar.

Namn og Nemne.

Dei gamle skaldane i forntidi nytta gjerne kjenningar i sine kvad, i staden for å fortelje saki beint fram. Soleis kan det kallast skaldenes form for kryptologi, eller meir banalt, rebusar og gåter. Den slags hev vore tidtrøyte for mange opp til vår tid - AD 2000, og for nokre fysikarar og matematikarar er det det enno. Sovorne omskrivingar vart óg nytta for namn, ymse nemne kunne verte nytta for eit og same namn, eller for same person, alt etter som ein tykte det høvde.

For kongar vart det nytta ymse kongsheite, det mest kjende er Gram, men til dømes nemni Hake og Ragnar kan ha vorte nytta som kongsheite, for å nemne nokre. Soleis er dette også døme på at titlar hev vorte nytta som nemne i staden for namn. Vidare kunne eigenskapar ved personen verte nytta, utsjånad sovel som fysiske - og kanskje psykiske? - og kva no enn anna som kunne hefte med personen - You name it! - hev vorte nytta som nemne.

Attåt kva me er vande med i dag, vart namna grammatisk bøygde i hine tider, som til dømes Åle den frøkne i staden for Alv. Og gjennom tidi vert målet meir eller mindre brigda, soleis finn ein utvikling av namn og nemne, me finn vidare kortformer og slangformer av namn. Attåt finn me dialektformer, overførte tydingar og psevdonym. Og namni vart oversett frå eine språket til det hine. Same namn kan då hev vorte skrivi på ymse vis gjennom tidi. "Normaliseringa" i seinare tid kan til dømes ha ført til at namn ikkje nett er skrivi som i originalteksti - i den grad den måtte finnes - men også avskrifter som er direkte kopiert, sjølv etter fleire ledd, lyt reknast som originaltekst i dette høve.

Om ein ikkje kjenner til alt dette - og kanskje meir til? - kan namn på personar i vår gamle saga være svært forvirrande. Ein og same person som er omtalt med ulike namn i til dømes tre sagaer, kan verte oppfatta som tre vidt forskjellige personar i staden for ein person, og då fær ein heller ikkje sagakjeldene til å hengje saman. I slike høve vert nokre sagakjeldor nemnt for "legendariske". Kva namn og nemne som er nytta er då ikkje alltid enkelt å finna ut av. Det er og soleis at det som ved fyrste høve berre er nytta som nemne på ein person, kan sidan verte nytta som rett namn på ein person seinare, helst som oppkalling i same ætt.

Skal ein frod verte på felti dessi, lyt ein studera dei gamle ættleggi frå våre sagakjeldor; ein lyt også ha metoder for å setja saman desse. Om ein ikkje det hev, kan ein verte forvirra i eit visst mun soleis at ein gjev upp... Når ein soleis hev fengje ei god ættkunne, hev ein då frod vorte. Slik ættkunne er ei attlege på faghistorisk nivå. Men det er då nokre amatører som eg veit hev vorte frod. Men kor god ættkunne dei hev, er eg noko uviss på, lite er publisert av deira grunnleggjande arbeid. Eg hev no funne ættlina attende til Svipdag frå ynglingekongane - nett som Sven Grodys - men utan å nytta nokre av hans bøker. Men eg er no ikkje heilt samd i; eller funne fram til; alt han hev nemnd. Eit namn er eg sjølv uviss på; eit anna er eg ikkje er samd i, det tarv ikkje væra anna enn at me ikkje hev nytta sams kjeldor.

Når ein frod vert, vil ein i nokre høve sjå vår gamle soge frå ei onnor side. Ein vil gjennom ættkunne verte meir viss på det ein hev vore uviss på, og noko av av det ein fyrr var viss på, kan syne seg rangt å væra. Og nye problemstillingar ville kunne dukke opp , soleis hev eg no den meining at den eldste konge nemnd i Ynglingatal er Agne i vers 10, eller truleg hans far Dag i vers 8. For dei frode vil eg her nemne at Halvdan er eit tilnamn(eigenskap). For dei hine: Eg meiner at Agne er den same som i Flateyarboki er nemnd Skelfir. (Mogleg av Sig-Kylfir(P.E.Linge)). Dag er då Halvdan gamle. Dag kan også være eit tilnamn. Me kan difor ikkje vite med visse kva deira "rette" namn var. Eg vil i dette høve kort nemne tillegget i Fagrskinna som nemner Dag på Tingelstad på Hadeland. Dag er der nemnd som far åt Guttorm og Ragnhild, mor åt Harald hårfagre. Kjeldorne elles seier at deira far var Sigurd med tilnamnet Hjort. Skjoldungesagaen, Lodbrokssønenes tått, seier at setegarden for Sigurd Hjort og den ættkulti var Stein på Ringerike. Både Dag og Sigurd kan her være tilnamn. Men her er ein viss grunn til å tro at Sigurd(Hjort) er eit "rett" namn, altso ikkje noko nemne. Sigurd vart oppkalla etter sin farfar Sigurd Ring. (Ja, her kjem ættkunna inn!). Om Sigurd Hjort no skulle væra den same som Dag, kan denne forklaringa høve?: Grunnen til at han er plassert på Tingelstad er at det er teke i miss millom Sigurd Hjort og Harald Hårfagres son Sigurd Rise. Sigurd Rise var farfar åt Sigurd Syr som sagaen seier bodde på Ringerike. Frå landnåma veit me at ein Islending utøvde eit drap i det fredheilage brudlaupet åt Sigurd Rise. Det fann stad på "Opplandene". Soleis kan Sigurd Hrise ha bodd på Tingelstad, og folkefantasien kan då ha bytt om Sigurd Hjort og Sigurd Rise, for var det jo ikkje ein Sigurd som bodde på Tingelstad? Kanskje er det Sigurd Rises son Halvdan som ligg i Halvdanshaugen på Hadeland?

I samband med Ynglingatal vil eg óg nemne att mi ættkunne hev gjort det naudsynt å sjå nærare på kva som i det kvadet er kjenningar og kva som skal lesast beint fram. Soleis i fyrste vers tolkar eg dei to siste linene: "vågr vindlaus of vida skyldi", soleis at "Vindlaus våg" lesast beint fram som vindalaus våg, og "of vida skyldi" som: "av båten skulle". Kven er då Fjolne? Les Sogubrot og finn dét ut!

Dvergar, kva er dei?

No vil eg Ynglingatal leiva og til Voluspå gå. Dei åtte - 8 - versi frå og med vers ni - 9 - til og med vers sekstan - 16 - reknast for å væra innskot. Det tarv inkje vere nett soleis, men ein god grunn synes å væra at vers åtte nærast tek til att i vers syttjan. Det er versi frå ni til sekstan som hev interesse her. I desse versi, som me kan sjå foran, er nemnde ei heil hop med dvergenamn. Ser me burt frå dei to dvergane som er nemnde i vers ti, Modsogne og Durin, er syttitre - 73 - dvergar nemnde med namn.

Kva meinast så med "Dverg"? I dag er det nemne på småvekste mennesker, der årsaki er mangel på eit veksthormon. Det finns også mennesker som er stuttvokste på naturleg vis. Men er det slike menniskor dei meinte i hine tider, då Voluspå vart yrka? Eg trur ikkje det. Eg trur -vel helst- for ikkje å væra for bestemt i meininga, at nemne Dvergar, i nyare tid - eller før? - hev gjenge over som nemne på desse småvekste mennesker. Når eg då var uviss på kva som meintest med "dverg" i hine tider, så ville eg prøve å finna ut kva anna som låg attom?

Når ein les om korleis dei forntidige dvergar førde seg, levevis og desslike, så finn ein at dei levde skjult, gjekk inn i Stein og Berg, og dei smidde sine eigne våpen, men også for andre. Deira måte og væra tilstade i heimen på, minner meg om geriljasoldatar. Dei dukkar opp og forsvinn, ingen veit noggrannt kvar helst: "i Berg og Stein og i Jordi(Moldi)". Dét er sjølvsagt fantasi og eventyr om ein tek det bokstaveleg. Meir trur eg på at dette er stadnamn: Stein; til dømes Stein på Ringerike, men med di dvergane smidde sine eigne våpen, kan namnet kome av Ste, Sté-in, ambolt. Dvergane "forsvann" då inn i smia til Stéet, eller til ambolten om ein vil, for å smi våpen. Og dit inn i smia til Stéet fekk ikkje kven som helst gå. For dei ukunnige kunne det i verste fall væra farleg, og attåt var det nok ei form for den tids profesjonsbeskyttelse. Og at dei forsvann inn i "Berget" er vel ei mistyding. Tydinga lyt væra den at desse dvergane høyrde heime på dei gardane som ber namni Berg eller Berge. Desse gardane synes å væra både sentrale for bygda der dei ligg og er militærstrategisk velplassert. Truleg er Berg/Berge bronsealderen og jernalderens høvdingsete. Heretter nyttar eg berre Berg, men det gjeld sjølvsagt det same for Berge.

Om ein skulle gje nærare tidspunkt for kva tid namnet vart teke i bruk, vil eg nemne at arkeolog Anders Hagen i si bok "Norges Oldtid" nemner at i Rogaland finnes det spor etter ein ny kultur frå omlag 900-1000 år før Kristi fødsel. Og ein stad på Ringerike, ca. to km. vest for Hønefoss sentrum, på Veienfeltet med sine mange gravhaugar, har det vore arkeologiske utgravingar i lengre tid, der er m.a. funne eit stolpehus. Det har då vorte opplyst av dei som stend for utgravingane, m.a. av fylkesarkeolog Liv Gøytil Lund i eit kåseri i Ringerike Historielag 1998 fylgjande: Spor etter dei fyrste mennesker er datert til omlag år tusen før Kristi fødsel, men dei fyrste gravfunna frå omlag år 900 før Kristi fødsel, altså omlag 100 år seinare, eller om ein vil, ein dryg levealder seinare. Dette vil eg då tolka såleis at det hev vore ei innvandring til Norden i desse åri, kanskje alt frå år 1100 f.Kr. og eit par århundreder frametter. Dette svarar då omtrent til den tidi Snorre fortel om innvandring frå Troja til Norden etter Trojas fall til ca. 1100-1200 f.Kr. Stadnamnet Berg kan då være kome til ein gong mellom år 1000 og år 800 f.Kr. Men i Gotersagaen åt Jordanes finnes der opplysningar som tyder på at namnet Berg kan væra endå meir enn 1000 år eldre. Eller om ein vil, meir enn 4000 år gamalt. Og dette namnet seier oss at her fanns det Berging for bygdas - eller storheradet - sine innbuarar. På berg sat då dei som skulle verge bygda. Frå Lars Hermodssons bok om GOTERNA tillet eg å sakse fylgjande frå sidene 72 og 73:

"Spår av det gotiska språket finns i den moderna italienskan i form av en del lånord. Några av dem tillhør inte oventat det militære området, såsom guardia 'vakt', elmo 'hjelm'. Hit hør också albergo, som kommer av gotiska hariberga 'herberge', alltså med ursprunglig betydelse 'skydd for krigsfolk'."

Er det då noko merkeleg i det at dvergane budde i 'berg'? Snarare tvert imot! Det var nett der dei budde og skulle bu. At Berg - der dei gardane finns - var eit høvdingsete, finns det eit døme på, eller om ein heller vil skrive det soleis: - ta til inntekt for, i det andre kvæde om Helge Hundingsbane. Der heiter det at sønene til ein mektig konge Granmar - Hodbrodd, Gudmund og Starkad sat på eit Berg. Og i Sigerdrivamål - eit kvad om runelærdom - stend Ropt(Odinsheite) på eit berg med Brimes sverd. Mon tro om sverdet her peikar på at garden Berg ligg på eit nes(sverdet) som stikk kvasst ut i havet(Brime)? Og i Reginsmål møter Sigurd, då han for for å hemne far sin, ein mann som sto på eit berg og kvad. Mannen nemnde seg Nikar, Feng eller Fjolne, alle namni er Odinsheite. Det var altså "Odin" som denne gongen sto på eit Berg.

Me kan då etter dette, med ein viss rett, hevde at Dvergane var krigarar, soldatar, gjester, gãrmenn(Les geirmenn/Germanere), som tyder spydmenn, eller andre nemne etter kva som vart nytta, deira yrke var å verja land og rike.

Hadde det no ikkje vore for bokstaven D i byrjinga av ordet Dverg, så er det jo nett VERGAR dei heiter. Kan me då gje ei høveleg grunn for bokstaven D? Sjølv om eg her kunne, vil eg ikkje gå i djupna i emnet, men kort nemne at dette er Danar, dei "dannede" -velbyrdige Dannemend - som herska i Norden frå ein eller annan gong før Kristi fødsel, men etter omlag år 1000 til 800 før Kristi fødsel, og alt opp til våre dagar, to tusen år etter Kristi fødsel. Men dei vart detronisert for ein periode frå den romerske diktatoren Sullas tid, ca. år 100 før Kristus, og fram til Åsmund/Junius/Cilo/Jøkul/ - og andre nemne, you name it!- erobra attende sine fedrenes rike. Det er ikring dette omstende Voluspå vers ni - 9 - til sekstan -16 - ein fær gjete. Truleg er det same emne i Volsungesagaen og i kvadi om Helge Hundingsbane, og mogleg også kveda om Helge Hjørvardsson. Desse folki, kalt dvergar, synes då å væra Danenes verger, dei krigarane som utgjorde Danehæren. Ordet Dvergar kan då være bunde ihop av Dan og Verger - Dansvergar - med bortfall av -ans. Om ein seier fram dette ordet kjapt, er det ikkje vanskeleg å forstå at Dansvergar hev vorte til Dvergar. At dvergar utgjorde ein Danehær, finn ein døme på i Heidreks saga og Hervara, - Tyrvingsagaen.(Kilde v/Jon Helgason, Kj.h. 1924). Der seiest det at Svávrlami, ein stad der det var eit "Berg" på høgre handi, så han "Herduerga to". Eg forstend det soleis at "Høgre handi" er symbolspråk der det meinest noko som var i Svåvrlamis eige. Fylgjande merknad er i kjelda knytt til ordet "herduerga", sitat: "Dette ord er ellers ukendt og meget mistenkeleg". Sitat slutt. Ja, mon det? Eg forstår no "herduerga" som dvergar - Dansvergar - i ein hær - krigshær. Fyrste lekken i "herduerga", - her - lyt ein tru stend for hær i hæren. Slik eg tyder ordet "herduerga", er det nærast som smør på flesk. Me hev no - i eit visst mun - grunnlag for å hevde at dvergar i sagakjeldorne er krigarar i ein hær, ein Danehær, som er skapt for å verje Danenes land og rike. Og nemnast må også at namna åt dei to Dvergane i Tyrvingsagaen bar namna Durinn og Dvalinn.

Ynglingatal

Ynglingatal fortel om korleis ynglingekongane døde. Ynglingatal omtala dei som var forfedrene åt Ragnvald Olavsson, men berre attende til Agne. Andre ynglingekongjar som ikkje er nemnde i Ynglingatal hev også funnist, og då meiner eg også før Ingjald Illråde Anundsson. Ynglingatal er, då det stort sett berre omtala dødsmåten åt ynglingekongane, neppe meint som noko ættartal. Tek ein omsyn til dette, kan ein i eit visst mun nytta ynglingatal som ein ættlegg, især for forfedrane åt Ragnvald Olavsson. Som nemnd fyreåt, trur eg den eldste person nemnd i ynglingatal er Agne Skialfarbonde "Dagsson", men med eitt visst atterhald for at Dag, med tilnamnet Halvdan, er eldst. For å kome fram til dette, lyt ein kanna ættelistene med grannsemd og flid. Etter det eg trur, hev ynglingatal nemnd, ikkje berre forfedrane åt Ragnvald Olavsson, men kven som sat som kongar i Uppsala etter at Olav tretelgja Ingjaldsson måtte røme Svitjod. Opplysningar hjå Rimbert(Ansgars levnetsbeskrivelse, k.16-18) tyder på at Ragnvald "heidumhære" Olavsson sat som konge i Uppsala ei kort stund, og det var ved det høve at ynglingatal vart orten åt Ragnvald heidumhære. Hjå Rimbert nemnes også ein Anund som kom attende og inntok Birka. Denne Anund var son til den Bjørn som var konge i Birka då Ansgar kom dit. Bjørn var son åt "Ragnar Lodbrok Sigurdsson". Det var denne kognatiske lina som var kongar i Birka/Uppsal/Svitjod fram til Olav sønske vart skoten unna av Eirik Håkonsson Ladejarl. Det var vel helst då Olav fekk tilnamnet "skotkonung" vil eg tru. Det kan då være Ragnvald Olavsson som var konge i Birka før Anund.

Skalden som hev orti Ynglingatal, hev då teki til med Ivar vidfamne. Ja no slapp dykk å lesa Sogubrot, lell. Dinest kjem Olav tretelgja, med di han var fødd i Svitjod er han nemnd to gonger. Vanlande er då Ingjald, son åt Olav tretelgja, Olav ber her namnet Sveigde. Og teksti om Dyggve kan tolkast soleis at Dyggve enno ikkje er gravlagt, det vil seia, han er i live ein kvan staden. Når eg ikkje er viss på Dag, er det med di at eg ikkje er heilt viss på det eg nett har skrivi. Det finnes ei anna løysing som eg ikkje hev studert med såvore grannsemd som det eg hev nemnd fyreåt. Denne Dag kan hypotetisk være den samme som SvipDag, far åt Åsmund/Jøkul etc.(You name it!). Dette vil då seie at Dyggve i så fall er fødd i siste århundredet før Krist fødsel, og at forfattaren av ynglingatal soleis har utelate fleire generasjonar. Men om det verkeleg er utelatt fleire generasjonar, kan ein heller mistenkje Snorre for å ha utelate desse versi. Kjelda for Ynglingesagaen åt Snorre er Ynglingatal. Då måtte han ha teki med kong Nor som ein av forfedrane åt Ynglingekongane. Og kong Nors rike var som kjent Noreg. På Kulisteinen, ei runeinnskrift frå årsskifte 1034/35 er namnet skriven for "NURIKI" der U uttales som O, og I kan lesast som E med desse runetypene. EG skriv då heller ikkje om Birka i Mälaren, eller om det bispedømme som vart oppretta på slutten av 1100-talet - og som fekk namnet Uppsala knytt til seg, det som fyråt ber namne Lille Åros. Og kva med at dei fann berre kvinneskjelett i gravhaugane i "Gamle Uppsala" i nærleiken av Stockholm? Nei, eg skriv om Adam av Bremens Birka og Uppsala. Eg vil også nemne at dei som Frod hev vorte, også veit at Ynglingekongane er Daner, ikkje Æser.

Desse personane i ynglingatal, i dei sju -7 - fyrste versi foran Dag, fyrekjem ikkje korkje i Flateyarboki eller hjå Saxo som Dags/Halvdans forfedre. Derimot samsvarar Flateyarbokis og Saxos ættlegg høveleg bra. Visste dykk at Saxo, unnteke dei tri kongane Halvdan, Agne og Alrek, nemner alle ynglingekongane, med namn eller nemne, frå Svipdag og fram til Halvdan Kvitbein? Ja lenger enn.

I vers to i Ynglingatal - om ein person der kalla Sveigde - som eg meiner er den same som Olav Tretelgja, men som er mindre viktig i dette høve, heiter det at han er Durins ættling:"Dúrnis niðja". Durin(Durne, Durinn) er ein dverg, nemnd i Voluspå vers ti. Det som her seiast er fakta det at Ynglingekongane ætta frå ein dverg! (Om no Sveigde ikkje mot formodning skulle vere den same som Olav Tretelgja, så vil han likevel være av forfedrane i Ynglingeætta). Dette vert nærast problemfritt om ein godtek det eg hev skrive føreåt. Vers to i Ynglingatal fortel elles om den "puslete kongen" som følgde eller løp etter ein dverg til "Søkkmimes bjarte sal": Olav var bare barnet då han måtte dra frå Svitjod, grunna Ivar Vidfamne etter Ynglingesagaen. Ein hirdmann brakte Olav då i sikkerheit til "Søkkmimes bjarte sal" - dei sollyse sletter som det kunna ha hett i vår tid. Og der vart han gravlagt - vel 70 år gamal. Då fekk Fridtjov den frøkne Vikingsson gifta seg med Olavs dronning, Ingebjørg Belesdottir omlag år 650.

I den yngre Edda(Orionbøkerne, Oslo 1967) er merknad om dei to siste linene i vers ni i Voluspå har ulike lesemåtar i handskriftene. I Eddakvedet(Orion ny rekke 1974) seiest det i merknad at Brime og Blåin er andre namn på jotunen Yme. I Edda-kvæde(Samlaget 1905,IME)er merknad for versa ni og ti: "Brime meiner dei er namn på Yme, som også er kalla Aurgjelme. Og i det stutte Voluspå(Hyndluljod v.33) heiter det: "Jotnar alle frå Yme stokne". I den eldre Edda seiest det at Jotnane fekk havstranda(Marr?) å bo på. Desse havstrender lyt ein tru det er meint når Voluspå vers fjortan talar om Aurvangstader og Draumkvedet om Auromheime? Eg les då vers ni såleis at det spørjast om kven skal dvergane - hæren - åt drottin, kongjen, gramen, høvdingen, - skapa. Kva tyder så Brimes blod? Kva om dverganes blod er svart(om dei då ikkje skulle vere rette menneske)? Og med Brime peikar ein på havet? Eg var fyrst inne på den tanken at Brimes blod kunne vera kjenning for Svartehavet, men med kvart fann eg ei anna løysing. At Brimes blod lyt vera ei kjenning eller ha ei overført tyding, er greitt nok. Brim er når båra vert kraftig, når bylgjene slær hardt mot skjær, båar og land. Då dannar det seg skumtoppar på bårene. Såleis vert det når båra vert "piska til blods". Det dannar seg skum. Såleis kan Brimes blod vere kjenning for skum og skumsprøyt. Her lyt det væra kjenning for mannens sæd. Og då lyt sjølvsagt "Blåins leggar" være knytt til det motsatte kjønn. Teksti lyder då også Brimes blod OG Blåins leggar. Det vert difor ikkje rangt å rekna Brime og Blåinn for to forskjellige personar. Blå tyder også svart. Og kvar er det mørkt også om dagen? Jo i holer og grotter. Og kvar finn me såvore stad mellom legger? Sjølvsagt er det kvinnens vagina som her er nemnd med kjenning. Det forteljast då om eit normalt vanleg menneskeleg samlege, slik alle mennesker normalt hev vorte skapt. Eg trur dette er rett tyding. Her i denne tolking finnes korkje Hokus Pokus, Simsalabim, ovtru eller anna mystisisme. Altså ei normal tolking. Diktaren av Voluspå spør her då kor i verda dvergane -hæren, hirden, skal hentast frå. Kanskje kom alle frå eitt område, kanskje frå fleire område, kanskje nokre allereie var yrkessoldatar?

Då er eg i fyrste høve på noko meir usikker grunn når eg tolkar Voluspå vers ti. Nokre hev vore inne på tanken at den der nemnde Modsogne kunne ha vore Moses. Noko anna likskap er det vel neppe enn nokre bokstavar? Men det er lov å gisse. Det er gjerne fyrste stadium i å tileigne seg kunne på eiga hand om ein vil vere autodidakt. Om ein hadde fylgt opp med at Durinn er omskriving for Darius(Dan-Darius?), so ville ein ha - om enn usikker - nok ein grunn for å meine at Modsogne kunne vere Moses. Mi meining er at Modsogne er ei nemne, ei nemne som svarar til den eigenskap denne personen hev. Mi tolking er då at dette er ein person som soknar til dei modige, ein person som ganske visst lyt vere omtala i gamle sogur utanom Voluspå, sjølv om nemnet Modsogne er nytta berre der, i alle høve etter det skrivaren veit. Det var vel dikteriska grunna til at nemnet Modsogne(Módsognir Mæstr) vart nytta i Voluspå. Og med dverg meinast det etter kva eg har skrivi, ein krigar. Og i ei gamal soge finn me ein som der hev vorte nemnt med nemne krigar, rett nok på latin:Arminius. Den neste, den som fulgte dinæst, var Durinn. Eller om ein vil: Av dei to kom Modsogne fyrst, dinæst Durinn. Dei kunne soleis vere far og son.

Kven er så Durin? Eller kva tyder namnet? Etymologisk tyder 'Dur' "bulder, ensformig lyd". Soleis i Falk og Torp: Etymologisk ordbok. Også dur, larm er nemnd. Og for kven kunne eit slikt nemne høve? Endinga -in lyt eg nemna litt om fyrst. Eg reknar med at dette er -vin endinga ein finn mange stadir, især i stadnamn, men også i byrjinga av ordet, som til dømes i Vinland. Eg trur ikkje at '-vin' hev noko med druer å gjere, heller ikkje tyding hestebeite(Wulfila) i tydinga eng. Wulfila var smågoter og dei budde innanfor Romerrikets grenser ein kvan staden i dagens Romania eller Bulgaria. Han oversette bibelen til gotisk. Eg meiner ordet vin er det same ordet som det gamalnorske ordet 'Vinr' som tyder venn. Tydinga vert då attåt venn, venleg, god, bra, gjev og liknande synonym. Soleis vert stadnamnet 'Vinland det gode', smør på flesk. Vinland tyder det gode landet. Durin skulle då tyde den gjeve, gode storbrølaren. Han hadde nok høvd godt i tønna på ei selfangstskute. Men den tidi, då dei dreiv selfangst i stor stil, er ikkje langt attende. Me skal lenger attende enn som så. Kven skulle tydinga av nemne Durin høva på? Det lyt vel vera ein hærhøvding, dvergenes leder. Om det no er Junius Cilo - Jøkul - Åsmund - Hadding etc. - You name it! -. Namnet Durin kan godt høve på honom. Han hadde med seg ein hær då han kom sjøvegen og erobra Svitjod.

Kva som så meintest med at dei gjorde mange menneskjeliknande dvergar til jordi, lyt ein fundera liti på. Det er vel neppe meint soleis at Modsogne og Durinn var med på unnfangelsen av desse syttitre - 73 - dvergane som er nemnde i Voluspå. Eg trur det lyt forståast soleis at dvergane vart unnfanga på normalt vis, og det Durin, men neppe Modsogne, gjorde, var å samle seg krigarar frå ymist(Jfr. Yme) hald på jordi. Det høver også med Snorre- eddaen, der bor nokre i jorda, nokre i berg og nokre kom frå Svarinshaug.

Svarinshaug er nemnd i det andre kvida om Helge Hundingsbane. Der bor kong Granmar og sønene hans. Ikkje langt unna stend slaget mellom Helge og sønene åt Granmar. Der slaget stend heter det Frekastein, freke tyder ulv. Ein kunne då skriva Ulvstein? Det var i dette samband at Granmar sat på eit Berg - garden Berge. Det er ikkje langt mellom Berge og Ulvstein om ein rir på havhesten, for dei som veit kvar desse stadir er. Frekastein er også nemnd i kvadet om Helge Hjorvardsson. Der låg Sigarsvollen som kong Alv hadde hasla voll for Helge Hjorvardsson. Der fekk Helge banesår av Alv.

No attende til dvergane. I den yngre Eddaen stend det(gamalnorsk tekst): "En þessi eru dvergar og búa i steinum, en hinur fyrri i moldi." Dei som bodde i stein er nemnde i versi ni til tolv, dei i moldi er nemnde i versi trettan og fjortan. Og seinare: "Enn Þessir komu frå Svarins haugi til Aurvanga á Jórúvollu, ok er Þaðan kominn Lovarr". Desse frå Svarinshaug er nemnde i versi femtan og sekstan. Kvifor seiest det i Eddaen at dei to fyrste nemnd bodde ein stad, mens det tridje gongen seiest at dei kom frå ein stad? Og kva kom dei til eller kor kom dei? For desse siste - dei frå Svarinshaug - vil eg tru dei kom som leigesoldatar til Durin. Og då gjeld det vel det same for dei hine dvergar? Vidare heiter det i Den Yngre Edda om dvergane nemnde i versi elleve og tolv samt dei fire fyrste linene i vers trettan, pluss ein dverg med namn Ori, at dei bur i moldu(jordi). I Steinum(Berg) bor dei som er nemnde i vers trettan, line fem til åtte, men der er Hefte og File set saman til ein person: Heftefile. Og vidare i vers femtan, til og med Andvare er nemnde dei som bor i Berg. Nokre av namna er annerleis skrevne: Dolgtrase er Dolgtvare, Haugspore er Hugstare og Levang er Ledjolv. Resten av dei som er nemnde i vers femtan og dei nemnde i vers sekstan kom frå Svarinshaug til Aurvangane på Joruvollane. Dei elleve siste dvergane nemnde i vers trettan i Voluspå, frå Billing, er ikkje nemnde i Den Yngre Edda. I ein saga kalt "Sørles tått", men også kalla "Hedins saga og Hognes" er nemnde fire dvergar: Alfrigg, Dvalin, Berling og Grerr. Dei bodde i stein. Og ein gong Frøya kom inn i steinen hadde dei smidd eit fullkoment gullsmykke. Og dette gjev oss eit mogleg svar på kvifor nokre dvergar bodde i stein. Det var dei i hæren(vergane) som hadde ansvar for våpenproduksjon, dei arbeidde i smia. Og grunna brannfaren måtte huset der smia var, helst være av stein. Og her vil eg minna om eit anna ord for ambolt, som finns i kvar smie, ste. Ordi Ste og Stein er nok av samme roti runne. Og i Noreg idag finns nokre stader knausar som hev namn etter sovore ste, med di knausen gjerne hev ei steil, bratt side og soleis kan liknast med eit ste. Stein på Ringerike kan være eit sovore namn som er komen av alle dei knausar, eller åsar som der finns: Ringåsen, Steinsåsen, Hurum-/Burud-åsen og Loreåsen. Dei fleste av åsane kan liknast med eit ste. I gamle dokument er gardsnamnet skreven i fleirtalsform: "á Steini".

Dei hine yrkessoldatane, hirden, dvergane, lyt ha vore mobile, lett flyttbare. Det var då lite praktisk med faste bustader. Om dei ikkje hadde hus under kvar busk, så budde dei enkelt, i telt eller i eit kvart liknande, ikkje lite usannsynleg jordhus. Soleis kan det ha vorte til at dvergane budde i jordi. Jordhusi lyt då ha vore på den faste leirstaden; Uppsala?; i nærleiken av der høvdingen budde. I felten var det nok enklare bustader. Men om riket Moldavia skal takast med her, det har eg ikke funne eller kome på noko særs som gjer det turvande, men me lyt ha det i minne om eitkvart skulle dukke opp eingong i framtida.

Så langt hev ein synt at ein kan med ein viss rett hevde at med Dvergar meinest det leigesoldatar, gastir(gjester), eller hird hjå Danene. Og vidare kvifor det seiast at dvergane, hirden, bur i stein og mold(-avia?), eller berg og jord om ein heller vil nytte dei ordi. Og desse åttitre - 83 - dvergane nemnde i Voluspå, var i Dvalins lid - Dvalins hird.

Nokre av dvergane nemnde i Den Yngre Edda kom frå Svarinshaug. Kva stad dei hine kom frå er ikkje nemnd, men derimot korleis dei bodde.I Voluspå stend det at dei sette ut "frå salar steini." Eg les det som: "Frå Salar av Stein." Og kva er det? Med salar lyt ein tru det meinest store rom, nett som i vår tid. Det lyt då være hus bygde av stein, og som inneheld eitt eller fleire rom. Steinen kan her til dømes være av marmor. Om me no gjeng attende til den tidi Voluspå vart yrkt og endå eit bel attende, eitt par tusen år mesta; kvar i verda finn me sovore hus? I den heimisfære som kjend var i denne tidi, lyt me nok drage til Romerriket, til Roma eller ein annan sentral by i riket. Men det er ikkje naudsynt å halde seg innafor grensene åt dagens Italia, der kunne til dømes Ravenna høve, men i Hellas fans det nok "Steinsalir", og andre stader også, dei ikkje nemnde.

I merknad til vers fjortan - 14 - i Voluspå heiter det: "Steinar i sal(himil-salen) er vel umskriving for fjell." Ivar Mortensson Egnund er då tydeligvis ikkje heilt viss på tydinga, kvifor "sal" her lyt tyda himil-salen stend det ikkje noko om. Og heller ikkje finn eg dette nemnd som kjenning i Den Yngre Eddas skaldskapsmål, korkje som kjenning eller ukjend heite. Lett er dette ikkje, men nokre gonger når eg les tekstar både på gamalnorsk og i oversetjing, tykkjest det meg at der ein kanskje skulle ha oversatt beint fram hev ein nytta kjenning, og der ein skulle nytta kjenning hev ein oversatt beint fram. Kanskje er "Sals steinar" eit døme på nett det? Eg tykkjer det skal lesast beint fram, men grunna krav til verserytmen er det lett å mistolke teksti. Eg meiner då det tyder hus av stein, hus som er store nok til å romme salar - store rom.

Men kvar skulle dei? Mot Aurvangar til Joruvollar eller til Aurvangar på Joruvollar eller mot Aurvangane og Joruvollane? Men fyrst vil eg nemne litt om Lovar. Etter vers fjortan i Voluspå, der seiast det at ein skal telja "ljona kindar" til Lovar. Og i den yngre Edda nevnes elleve namn der det heiter at Lovar er frå desse komne:

Skirfir, Virfir / Skafinn, Ái

Alf, Ingi / Eikinskjalde

Falr, Frosti / Finn, Ginnar.

I Voluspå vers femtan og sekstan er dvergar nemnde, vers sekstan endar soleis:

"Kjent skal væra / med folk er i verdi

langnidja tal/ lofars hafat."

Ein tel då ikje attende slik det lyder i oversetjinga, ein tel, dvs. reknar opp, frå desse dvergar og nedetter, eller betre framover i tidi. I praksis kan det vel væra eitt og det same om Lovar er ein person. Men er Lovar meint soleis? Er det heller ei ætt? Er Lovar ein person, lyt desse folki være hans tippoldeforeldre, dei kan være åtte fedre, og tipp-tippoldeforeldre, dei kan være sekstan, totalt tjugefire - 24 - personar. her er dei tjuge-ein - 21 - personar, desse levde samstundes. Lovar skulle då ha levd tre-fire generasjonar, omlag 120 år ± 50 år etter at dei drog ut frå "Sals steinar". I Skaldskapsmål er nemnde ein del fornamn, Lovar er der ikkje nemnd, men dvergenamn er då heller ikkje der særskild nemnde. Åe og Eikinskjalde er nemnde to gonger i Voluspå, ein lyt tru det er to ulike personar med same namn. Alv er eit vanleg namn nett som Yngve og Finn. Yngve er nemnd i skaldskaparmål. Der er også Virve, om ikkje nett nemnd, so eit liknande namn, Virvill. Derimot er Fjalar nemnd. I Håvamål er den "frode Fjalar" nemnd. Andvare er nemnd i Reginsmål, og Dore og Ore er nemnde i Fjølsvinnmål som to av dei ni - 9 - dørvoktarane då Svipdag vitja Menglad. Dvergenamnet Hornbore stend i ei runeinnskrift. Det er mest truleg eit hopehav mellom desse dvergeversi i Voluspå, Reginsmål og Svipdagsmål(Grogalder og Fjølsvinnmål). Dette visste nokre før eg såg at det var slik. Dette er berre ei ope dør inn til det huset der ein spak vert.

Fem til sju av dei tjugeein dvergenamni finn me då att andre stader enn i Voluspå. Ginnar er kjenning for Ørn, latinsk form Aquila. Om me reknar Virvil for Virve og Ginnar for Gunnar eller Ørn, finn me att andre stader ti av dei tjugeein dvergenamni i versi 16 og 17, altså omlag halvdelen av namni. Finn, Alv og Yngve er vanlege namn. Dei to siste høyrer også til Ynglingeætta saman med Froste, skjønt Froste er kanskje ikkje Yngling, men Døgling. Ynglingeætta og deira skuldingar Skjoldungane er også Døglinger. Fjalar er av Jotunætt. Andvare er dverg. Dore og Ore er ikkje nemnde kva folk dei høyrer til, om dei då ikkje skulle være tusser(av Tys ætt?). Dei er dørvaktarar hjå Menglad, Svipdags festarmøy. Og til dørvaktarar nytta dei knap "dusla dvergar". Dette er då nok ein grunn til å tru at sagakjeldenes dvergar ikkje er det same som det me idag meinar med dvergar. Dei som vert småvakste grunna eit manglande veksthormon. Svipdag er far åt Froste, det er truleg Svipdags ætlingar som døglingar vert nemnde. Svip er truleg eit attåtnemne, altså Snøgg-Dag, raske Dag; men Dag kan også være eit attåtnemne soleis som i Danskekongen Waldemar AtterDag. Det kan også tenkjast at det er SvipDag som har gjeve uttrykket "det dagast" med si overførde tyding, ei meining. Nemne Dag i dette høve tyder den som gjenreiser noko som er i ferd med å gå til grunne; det vert ein ny dag for gamle seder, ein rettar på det som rangt hev vore e.l. I songen "Fagert er landet" heiter det også: "No er det i Noreg Atter dag, med vårsol og song i skogen,..." Hendingane i Svipdagsmål gjeng fyre seg mesta totusen år attende.

Desse folki som er stamfedre for Lovarsætti er då knapt dvergar, men folk med normal vekst.Dei lyt då også være soldatar, leigesoldatar, hirden åt einkvan, eller kva ein no kan dei nemnast. Denne hirden sat då ut mot Aurvangane på Joruvollane. Og kvar helst er det? I det stutte Voluspå heiter det at alle Jotnar er frå Yme stokne. I den yngre Edda seiest det at Rimtussane(Reknekyndige?, matematikere?) kallar han, dvs. Yme for Aurgjelme. Og kjenning for sjø er "Ymis blod", "far åt Ægis døtre", dei var også jotner. Ægir er havets hersker(Regin Maris?). Og ordet Aur peikar på staden der elvar møter vatn, innsjøar, sjø og hav. Aurea(Au) er det latinske ordet for gull. Frå soga veit me at Jotnane bodde i Norden. Dvergane legger då ut til Havlandet(Maris, Marr) i nord. I Noreg(gmn.: Nuriki=Noregi) finn me nokre stadnamn på Aur: AURskog i Akershus, AURland i Sogn, AURe på Nordmøre, AURe i Sykkylven, AURdal i Valdres for å nemne nokre namn som er nytta til meir enn berre gardsnamn. Nokre stader kan AUR ha gjenge over til ØR, som i Ørskog på Sunnmøre. Fem av desse namna, seks med Ørskog, er i dag kommunenamn, Aure er namn på kommunesenteret i Sykkylven. Der ligg også Ullavika rett utføre. Aure er og namnet på kommunesenteret i Aure kommune på Nordmøre. Frå namneregisteret i ein atlas finn me desse namni: Aura, elv i Nesset kommune i Møre og Romsdal, Aurdal gard i Sykkylven i Møre og Romsdal, Aurdal gard i Vindafjord i Rogaland, Aurdalen i Skjåk i Oppland, Aure gard på Ringerike, Aure gard i Fræna i Møre og Romsdal, Aure gard på Austre Toten og Aurlund gard i Nordre Land i Oppland. Av desse AUR-namna finn me fem namn i Møre og Romsdal. Tek me med Sogn, Valdres og Skjåk har me åtte Aurnamn innom Kong Nors domene. Og tre Aurnamn finn me på "Opplandene": Ringerike, Austre Toten og Nordre Land. To namn er då i "periferien"; Rogaland og Akershus. Med Joruvollar meines vel helst at Aurvangar lå på eller ved gode Jordvollar. Ser me på kor mange namn på AUR me hev dei ymse stadir, skulle ein tru desse folki skulle til Møre og Romsdal. Og fyreåt peikast det på havlandet, Marr, eller som me seier i dag; Møre. I Norden fins det to stader med namnet Møre, i gamalnorsk tid vart det eine kalt Austmarr, det er austre delen av Småland, og hin delen Vestmarr, no Møre. Desse Dansvergane, Danekrigarane, skulle altså ut på ei reise, ikkje heilt utruleg til Møre i Noreg.

Lovarsætti

Kva tyder så ordet Lovar? Ordet er skrivi på ymse vis; Lovar, Lofarr, Lovarr, Lofar. Om ein skriv V eller F utgjer ikkje det store skilnaden, men om ein skriv -ar elle -arr fins det skilnad. Ein kan då tolke ordet på to måtar: i eitt ord, eller som samansatt av to ord. Ein dag då eg sat på kontoret på min arbeidsplass, kom som vanleg reingjøringshjelpa innom på morgenen for å avstøve kontorpulten min. Og det hendte me veksla nokre ord. Og denne dagen sa ho noko eg elles ikkje ville ha bete merkje i. Dei hadde vore på Lillehammer, ho var derifrå, ein laurdag på handel. Og i det samband sa ho: "der gjekk dei og LOVERTE". Ordet uttalte ho med tydeleg V. Dei gjekk altså ikkje på loffen. Me kom fram til at ordet på Lilleham- merdialekt tydde noko i likskap med at dei gjekk utan noko særs mål eller meining, nærast for å sjå seg om; kva var no her å finne? Lovere kan då tyde at ein dreg av stad, utan at ein ved fyrste høve veit kvar ein skal. Å lovere tyder då å reise, fare avstad, gå, vandre o.s.b. Dette ord finn eg korkje hjå Ivar Aasen eller hjå Leiv Heggstad. Ordet kan hypotetisk ha hopehav med sjøuttrykket Lovart, Lo side, den side vinden kjem frå. Å lovere skulle då tyde at ein seglar dit vinden bles ein.

Om me delar opp ordet soleis: Lo-farr(varr) eller Lof(lov)-arr(ar)? Lo tyder engslette, eigentleg glenne, ljosning i skog. Far tyder å fare, ei ferd, åtferd, farkost(fjørefar) osb. Farr tyder inkje noko, men Fárr er eit dvergenamn. Lofar ser då ikkje ut til å tyde noko med meining i. Var i fyreleddet tyder van(u)-/-heppa/-lagnad. Varr tyder: 1. Var, vis, kunnig. 2. Varsam, redd. Lo-varr ser heller ikkje ut til å tyde noko med meining i.

Fyrste lekk i andre høve; Lof(lov)tyder lov, eit løfte, eit løyve, å love, rose, prise og eit lovkvede. For ikkje å samanblande med lov som i forvaltningslov, så nyttast det i det høve ordet lag på norrønt mål, som i Magnus Lagabøter(lovbøter). Ar tyder ikkje noko, heller ikkje Arr. På Norrønt skrivest namnet Lofar og Lovarr. Slik det er naturleg å uttale dette namn, samt slik det vert skrive, er det tydeleg nok A, ikkje Å i uttalen. Eg hev difor ikkje gjenge inn på tydinga med Å. Den tyding me stend att med - den ser ut til å væra den einaste - er reise, drage avstad e.l., med eit mogleg tillegg: Dit vinden blæs ein. Og var det ikkje nett ei reise desse folki skulle ut på då dei drog avstad til Aurvangane? Det er der dei vert nemnd Lovarsætti. Kunne me ikkje då med eit nyare ord oversetja Lovarsætti med Innvandrerane?

Så langt stend me att med at Modsogne(Svipdag/Arminius) sin son Durinn(Åsmund, Jøkul, Froste, ja Hadding med!) legg avgarde med ein flokk krigarar, i alt syttitre -73 - Dansverger, pluss Durinn sjølv som gjev syttifire - 74 dvergar. Dei la ut mot nord til ein kvan stad. Kan me vita noko meir eksakt om til kvar dei stemnde? Her vil eg kasta fram ei noko dristig hypotese. Det skrives i ein gamal dansk krønike at Hadding undertvang Dimuns by, ein stad i Noreg. Ein av dei få, ja kanskje einaste staden i Noreg med eit liknande namn er Dimna i Ulsteinvik. Og når me no fyrst er på dei kantar, Aure i Sykkylven er allereie nemnd, Joruvollane kan me der finne att i Jarneset. I bunnen av Sykkylvsfjorden renn elva frå Fetvatnet ut, den elva er ikkje lang; inst i Fetvatnet fortsetter me opp Velledalen. Velledalen er då Fyrisvollane, der rann då ei elv framfyri. Fyrisån lyt då ha vore eit eldre nemn på elva som renn der i dag. Og jamen heiter det Ring der også.

På sin veg - dette hende omlag år 50 e.kr. - var dei, dvergane, vel innom Orkøyane, ein romersk provins dengang. I Voluspå er det nemnde nokre dvergenamn som ikkje er nemnd i eddaen. Var det nett desse som var med frå Orknøyane? Og eg skal seie dei fekk uver over Stadhavet! Bylgjene dundra i skipsborda som om det var tordenskrall, men komen vel attom den store vorren, Stadlandet kalla, vart havet rolegare. Og så barkast dei ihop, Danene mot dei som satt i Dimuns by, Æsene, og undertvang dei. Døglingane vart deretter Svitjodr Danakonungs i Nurriki. Ynglinger og Skjoldunger(eg.Skuldinger) er båe Døglinger.

Men korleis var dei organisert? Attåt Kongen - Hovdingen, Gramen, Reginherus, Ragnar, Hærfører osb., you name it -hadde dei vel ein som leia slaget på slagmarka, Valen. Altså ein som rådde på valen for danane, Dansvalin, det ga namnet Dvalin. Dette var då Jarlen, eller Erul som tittelen mogleg var ved dei tider. E kunne uttalast som "JE", jfr. engelsk I med uttale "ai", Sunnmørsk Eg med uttale "ej" og østnorsk "Je" samt romsdalsk itakisme I. Me veit no ikkje stort om korleis uttalen var i dei hine tider, å uttale runeinnskrifter med eldre runer, 24 runers fuþarken, på Sognamål kan ofte høve bra med skrivemåten.

Av dei syttifire - 74 - personane nemnde utanom SvipDag, har me no peika ut funksjonane åt to av dei; kongen, Froste, og jarlen Dvalin. Me stend no att med syttito - 72 - personar. Og det talet er eit multiplum av to andre tal, åtte gonger ni: 8*9=72. Var ikkje nitalet eit heilagt tal i Uppsala? Vart ikkje Odin(les vandreren, Lofarsættlingen, Lofferen?) feira kvart niande år? Om me no seier at hæren vart yrki av åtte tropper med ni menn i kvar tropp? Då fær me ikkje berre ni menn i kvar tropp, men me har også ni befal; åtte troppsførere pluss jarlen. Med ni mann i troppen kunne kvar tropp stille opp i firkantformasjon, nett som romerne gjorde. Og med åtte tropper kunne hæren stille opp i diamantformasjon, og dermed i svinfylking i alle himmelretningar; Nordre, Sudre, Austre, Vestre, no har eg troppsbefal rett nemnd. Dei fire hine gissar eg på kan være Nye, Nede, Nå og Nåinn. Inne i midten for disse var vel jarlen og kongen. Skal me no for moro skuld sette opp desse åtte troppane med namns nemnelse slik dei er nemnde i Voluspå?

Kongens far Modsogne(Svipdag).

Kongen,Gramen Durinn(Hadding,Jøkul).

Jarlen Dvalinn.

Troppar:

Første tropp:

Nordre, lagleiar.

Altjov, Niping, Dåin, Bivur, Båvur, Bombur, Nore, Ån.

Andre tropp:

Sudre, lagleiar.

Ånar, Åe, Mjødvitne, Vigg, Gandalv, Vindalv, Torin, Tråin.

Tridje tropp:

Austre, lagleiar.

Trå, Tekk, Lit, Vit, Ny, Nyråd, Regin, Rådsvinn.

Fjerde tropp:

Vestre, lagleiar.

File, Kile, Fundin, Nåle, Hepte, Vile, Hanar, Sviur.

Femte tropp:

Nye, lagleiar.

Billing, Brune, Bild, Bure, Frå, Hornbore, Fræg, Lone.

Sjette tropp:

Nede, lagleiar.

Aurvang, Jare, Eikinskjalde, Draupne, Dolgtrase, Hå, Haugspore, Levang.

Sjuande tropp:

Nå, lagleiar.

Gloinn, Dore, Ore, Duv, Andvare, Skrive, Virve, Skavid.

Åttande tropp:

Nåinn, lagleiar.

Åe, Alv, Yngve, Eikinskjalde, Fjalar, Froste, Finn og Ginnar.

Dette er rette namn og nemne på dei som var i Jøkuls hær då dei erobra Dimuns by og Svåvaland. Eikinskjalde het to. Hypotetisk kan det tenkjast at nokre er nemnde både med namn og nemne, andre då ikkje nemnde, det kan ha vore visse dikteriske umsyn å ta, men dette trur eg ikkje er so.

Veit dykk no kven dei "nie mødrar" som fødde deg er?

Tillegg

Namn og nemne, tydingar mv.:

1.

Nordre: Kompassretning.

Bivur: Mogleg det same som Bivra i Bivru-Kåre av ætta åt Horda-Kåre.

Nore: Nytta i stadnamn som t.d. i Noresund i Krøderen kommune i Buskerud. Innsjøen Krøderen gjør her ei innsnevring. Namnet finnes også i Nordfjord i gardsnamnet Nor. Og Nor i Norangen (Norangsfjorden)/ Norangsdalen på Sunnmøre.

Ån: Finnes i stadnamni Åna-Sira i Vest-Agder og Åndalsnes i Romsdal.

2.

Sudre: Kompassretning.

Ånar: Variant av Ån?

Åe: Sjå under 7.

Mjødvitne: Den som kunne brygge Mjød? Kunne "vitne" oppskrifta?

Vigg: Stadnamn Viggja i Sør-Trøndelag der Gaulosen og Orkdalsfjorden møtast. Også stadnamn med Vig- kan ha sitt opphav i dette namn. Men sjå bort frå dansk skrivemåte Vig for Vik.

Gandalv: Er seinara nytta som personnamn der fyrstelekken Gand kan være tilnamn åt Alv.

Vindalv: Vind kan være tilnamn åt Alv. Gand og Vind kan være nytta for å skilja dei to Alvene.

Tråin: Nytta som stadnamn i samband med husdyrbruk. Trøinn, Træet, o.l. der dyra tråkker når dei kjem frå beite og ventar på å koma inn i fjøset eller for å melkast ute.

3.

Austre: Kompassretning.

Tekk: Stadnamn, Teksdal i Bjugn på Fosenhalvøya.

Lit: I Sørles saga sterke er nemnd byen Litidorum(Lilleby?) i Svitjod. Hvis Lit er Let, som utmerket godt kan være soleis: Letnes på Inderøy i Trondheimsfjorden. Lit er ein kommune i Jämtland i Sverige.

Vit: Seinare nytta som personnamn, mellom anna forekomst i runeinnskrifta på Hønensteinen. Jfr. også St. Vitus. Som stadnamn finnes Vitnes på øya Kågen i Skjervøy kommune i Troms. Vitnes kan ha med fargen kvit å gjere, grunna skrivemåten Hvit der H skal uttalast som K, noko mange ikkje veit idag, kan me ha fengje uttalen Vit med sovore skrivemåte. Filer er folk frå Fjaler(sjå under 8). Filister, kan det tyde dei velgjødde(-ister) frå Fjaler?

File: Stadnamn Filefjell. (Fille- er rangt).

4.

Vestre: Kompassretning.

Kile: Stadnamn Kile og Kilsfjord i Volda(Bjørkedalen) og Kilsti i Norddal, alle på Sunnmøre. Kilsund i Aust-Agder.

Fundin: Namn på grensevann i Oppdal, Sør-Trøndelag og Folldal, Hedmark. Namn på Fund- kan tenkjast ha samband med namnet åt denne Dverg.

Nåle: Stadnamn Nålsund, Tingvoll, Nordmøre.

Hanar: Stadnamn Hana, Sandnes, Rogaland. Hananger, Farsund, Vest-Agder. Hanaset, Gjemnes, Nodmøre. Namn på Hen- og Hand/Hend også? Og kva med Hankamhaug i Romsdalen?

Sviur: Uvisst, opphav åt stadnamn som Sveen og desslike?

Billing: Stadnamn Billingen i Skjåk i Oppland og Billingstad i Asker i Akershus.

5.

Brune: Stadnamn Brunstad, Sykkylven på Sunnmøre. Brunvoll, Fjørtofta, Sandøy, Møre og Romsdal.

Bild: Stadnamn Bildøy vest for Bergen/på Sotra?. Mogleg også namn på Bill-.

Bure: Stadnamn Burfjord, Kvænangen, Troms. Buran, Levanger, Inn-Trøndelag. Mogleg også Burøy i: Tjøme i Vestfold, Hitra og Frøya i Sør-Trøndelag, Brønnøy, Vega og Træna i Nordland og to ganger Karlsøy i Troms.

Frå: Fråholmen, Vikna i Nord-Trøndelag, Fråstad, Fet i Akershus.

Hornbore: Hornborgarsjøen i Sverike? Er Hornbore eit anna ord for Navar?

Lone: Stadnamn Lone, Fjalar i Sunnfjord. Lone, Søgne i Vest-Agder. Lonevåg, Osterøy i Hordalan. Sjå også Lona.

Aurvang: Kan ha samband med stadnamni Aure i Sykkylven og Aure på Nordmøre. Ingen av dei to er typisk elveøyrar, namni lyt då ha anna opphav.

6.

Jare: Stadnamn, Jarnes i Sykkylven på Sunnmøre. Jar i Bærum, Jar i Nannestad og Jar i Aurskog-Høland, alle i Akershus. Jar i Øyer i Oppland. Se også Jara og Jaren, det siste i på Hadeland.

: Stadnamn Hå på Jæren, Rogaland. Håhjem i Skodje(Valle) på Sunnmøre. Se også Håland, fleire stader.

Levang: Stadnamn Levanger i InnTrøndelag. Levang, Kragerø i Telamork.

7.

: Stadnamn Nå i Ullensvang, Hardanger. Nåvik på Frosta i Trøndelag.

Dore: Stadnamn Dorr i Eidsvold, Akershus. Dorholt, Nome i Telemark. Dorrås, Namdalseid i Nord-Trøndelag.

Ore: Stadnamn Or i Frei på Nordmøre. Etternamnet åt den kjende Matias Orheim lyt koma frå ein kvan stad?

Duv: Stadnamnet Duvholt finns ein kvann stad, eg veit ikkje kvar. Stadnamn på Due- skal vel også takast med her? Til dømes Dua kyrkje i Gjemnes på Nordmøre? Og Duesund i Masfjorden i Hordaland? Duås i Gjemnes vest for Angvik og Duvås i Surnadal, båe i Møre og Romsdal.

Andvare: Om -vare er eit attåtnemne lyt ein gå ut frå And-.:Stadnamn Andøya i Troms. Gardsnamn Andestad i Sykkylven på Sunnmøre. Anda i Nordfjord.

Skirve. Stadnamn(uvisst): Skirva elv og fjellkyrkje i Tinn i Telemark. Skirvsjørn, Rollag i Buskerud. Skiri i Romsdal har helst eit anna opphav.

Skavid. Mogleg namn på Skav-:Skavberg, Karlsøy i Troms. Skavdal, Andøy i Troms. Skavdalen i Bjugn på Fosen(før 1500 på Nordmøre).

Åe: Stadnamn Å i Lofoten. Å i Åfjord på Fosen. Å i Gloppen i Nordfjord. Å på Averøy på Nordmøre.

8.

Alv: Stadnamn Alvdal, kommune i Østerdalen. En mengde namn som Alvheim, Alvnes, Alvstad, og Alvnes. Sjå også namn på Als- eller berr Al- som til dømes Alnes på Godøy, Sunnmøre.

Fjalar: Stadnamn, namn på kommune i ytre Sogn.

Froste: Kan ha gitt namn til øya Frosta i Trondheimsfjorden. Frostad kjem lite truleg av "namnet" Frode. Kunne om geneaologi gjev svar på det. Frostad i Vestnes, Romsdal, kan ha opphav i namnet Froste. Frostisen ved Narvik, kva med den?

Finn: Stadnamn Finnes i Hjørundfjorden på Sunnmøre. Finnset i Nesset i Romsdal. Ei mengde namn på Finn-.

Dei manglande ordi(namn/nemne) er ord som er meir eller mindre i bruk i daglegtale den dag i dag. Eg gjer ikkje krav på at alle stadnemna er rette eller korrekt tolka eller lese. Det eg her vil syne er at desse innvandrerane med sine Dvergenamn i Voluspå; er eller kan være opphav til mange stadnamn i Noreg og andre stader med, Gautlandene, Vermland, Mannland(egentlig Kvinnolandet til Adam av Bremen?), Helsingland m.fl. utan at eg har henta døme frå alle desse land og rike, eg har halde meg mest til Noreg.

Ringerike den 24 oktober år 1999.

Trygve Berge.

Oppdatert 22/5-2005

Til Hovedside